Mohenjo-daro
Mohenjo-daro (sindhi for 'Daudinge-haugen')[1] er ein arkeologisk funnstad nordvest i Sind i Pakistan. Mohenjo-daro var ein av dei største busetnadane i Induskulturen.[2] Han blei teken med på UNESCO si verdsarvliste i 1980.
Mohenjo-daro | |||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Del av | Induskulturen | ||
Mohenjo-daro 27°19′45″N 68°08′20″E / 27.329166666667°N 68.138888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Mohenjo-daro |
Mohenjo-daro ligg vest for Induselva. Byen blei bygd rundt 2500 f.Kr. Han er blant dei eldste større byane ein kjenner til, og var samtidig med sivilisasjonane i det gamle Egypt, Mesopotamia, minoisk Kreta og Norte Chico. Han blei forlaten rundt 1900 f.Kr., då Induskulturen plutseleg gjekk tilbake.
Staden blei gjenoppdaga på 1920-talet. Han er noko betre bevart enn Harappa frå same kultur, og har derfor gjeve meir informasjon om sivilisasjonen som bygde han. Kjende funn herfrå er statuane av ei ung jente («Dancing Girl» eller 'dansejenta') og ein mann («Priest King» eller 'prestekongen').
Galleri
endre-
Jentestatue av bronse frå Mohenjo-daro, kjend som «dansejenta».
-
Mannsfigur frå Mohenjo-daro, kjend som «prestekongen».
-
Ruinane av Mohenjo-daro.
Kjelder
endre- ↑ Gregory L. Possehl (11. november 2002). The Indus Civilization: A Contemporary Perspective. Rowman Altamira. s. 80. ISBN 9780759116429.
- ↑ «Mohenjo-Daro: An Ancient Indus Valley Metropolis»
- Denne artikkelen bygger på «Mohenjo-daro» frå Wikipedia på svensk, og «Mohenjo-daro» frå Wikipedia på engelsk den 17. september 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Archaeological Ruins at Moenjodaro, UNESCO World Heritage Centre
- UNESCO - International Campaign for the Safeguarding of Moenjodaro - PakistanDenne historieartikkelen som har med Pakistan og India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.