Høybråten kyrkje
kyrkje i Oslo
Høybråten kyrkje er ei langkyrkje frå 1932 i Oslo kommune. Opphavleg var dette eit gravkapell på ein kyrkjegard som vart teken i bruk i 1929. Seinare var det ei ombygging[1], og i 1966 fekk kyrkja status som soknekyrkje.
Høybråten kyrkje | |||
Høybråten kirke | |||
Foto: C. Hill | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Oslo | ||
Prosti | Østre Aker-Groruddalen | ||
Sokn | Høybråten, Fossum og Stovner | ||
Fellesråd | Oslo | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Georg Greve | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Teglstein | ||
Innvigd | 30. juni 1932 | ||
Takryttar | Midt på skipet | ||
Klokker | 2, Olsen Nauen | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Tre, 1932 | ||
Døypefont | Stein, 1957 | ||
Altartavle | Mosaikk av Per Vigeland, 1955 | ||
Orgel | J.H. Jørgensen, 1980 | ||
Sitjeplassar | 168 | ||
Høybråten kyrkje 59°56′40″N 10°54′33″E / 59.94431306°N 10.909295°E | |||
Wikimedia Commons: Høybråten kirke |
Kyrkjegarden er blant dei større i byen og vert nytta av ei rekkje sokn i Groruddalen. I 2012 vedtok bispedømmerådet å slå Høybråten sokn saman med Fossum og Stovner.[2]
Fotnotar
endre- ↑ «Oslos kirker», s. 94.
- ↑ Pressemelding frå Oslo bispedømmeråd 17. september 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Arve Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 93-94. ISBN 978-82-573-1946-5.
- Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 270-271. ISBN 978-82-573-1760-7.
- Høybråten, Fossum og Stovner kyrkjelyd Arkivert 2013-10-18 ved Wayback Machine.
- Kyrkjesøk – Høybråten kirke Arkivert 2013-10-18 ved Wayback Machine.
- Høybråten kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren