Høgsterett

(Omdirigert frå Høyesterett)

Høgsterett er nemninga på den høgste rettsinstansen i ein del politiske einingar, som til dømes statar, delstatar eller land. Døme på land med Høgsterett er USA og Noreg.

Noreg

endre

Eksistensen av og avgjerdsmakta til høgsterett er heimla i Grunnlova § 88 som seier at «Høiesteret dømmer i sidste Instans», eller i moderne nynorsk språkdrakt «Høgsterett dømmer i siste instans».[1]

Prosessreglar og samansetjing er gjevne i Grl. kap. D, og elles i domstollova og straffeprosesslova.

Høgsterett har etter konstitusjonell sedvanerett rett til å prøve om lovvedtak strir mot den norske grunnlova. Denne sedvaneretten er dels inspirert av tilsvarande prøvingsrett i USA.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «Kongeriket Noregs grunnlov - Lovdata», lovdata.no, henta 17. januar 2021 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.