Noregs Høgsterett
Noregs Høgsterett er øvste domstolen i det norske rettssystemet, og har heile Noreg som sitt verkeområde.
Høgsterett held til i Høgsteretts hus (den gamle Justisbygningen) i Oslo. Ein høgsterettsjustitiarius leier domstolen, som i tillegg har hatt 18 høgsterettsdommarar. I 2010 har talet blitt auka til 19, grunngjeve med stor arbeidsbyrde. I kvar enkelt sak blir retten sett med fem dommarar. Viktige saker blir behandla i storkammer, medan særs viktige saker kan behandlast i plenum der alle dommarar som ikkje har tenestefri eller er inhabile tek del.
Høgsterett blei oppretta 1815 etter heimel i Grunnloven sin § 88, som seier at «Høiesteret dømmer i sidste Instans». Noverande høgsterettsjustitiarius er Tore Schei.
MedlemmerEndra
HøgsterettsjustitiariusEndra
- Tore Schei, f. 1946 i Oslo, tiltredd 1. august 2002 (tiltredde som dommar 1. mars 1986)
DommararEndra
- Liv Gjølstad, f. 1945 i Tønsberg, tiltredd 1. september 1988
- Steinar Tjomsland, f. 1948 i Kristiansand, tiltredd 1. april 1991
- Magnus Matningsdal, f. 1951 i Hå, tiltredd 11. august 1997
- Jens Edvin A. Skoghøy, f. 1955 i Tromsø, tiltredd 15. august 1998
- Karl Arne Utgård, f. 1951 i Sykkylven, tiltredd 15. november 1999
- Ingse Stabel, f. 1946 i Oslo, tiltredd 1. mai 2001
- Toril Marie Øie, f. 1960 i Oslo, tiltredd 1. august 2004
- Bård Tønder, f. 1948 i Sjøvegan, tiltredd 15. mai 2006
- Clement Endresen, f. 1949 i Stavanger, tiltredd 28. august 2006
- Hilde Indreberg, f. 1957 i Oslo, tiltredd 1. april 2007
- Arnfinn Bårdsen, f. 1966 i Stavanger, tiltredd 1. juli 2008
- Erik Møse, f. 1950, utnemnd 31. oktober 2008, tiltredd 15. august 2009.
- Bergljot Webster, f. 1966, utnemnd 31. oktober 2008, tiltredd 15. august 2009.
- Wilhelm Matheson, f. 1955, utnemnd 31. oktober 2008, tiltredd 1. november 2009.
- Aage Thor Falkanger, f. 1965 i Oslo, utnemnd 12. februar 2010, tiltredd 1. mai 2010
- Kristin Normann, f. 1954 i Oslo, utnemnd 12. februar 2010, tiltredd 9. august 2010
- Ragnhild Noer, f. 1959, utnemnd 18. juni 2010, tiltredd 1. oktober 2010
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Norges Høyesterett» frå Wikipedia på bokmål, den 14. desember 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Tidsskrift for rettsvitenskap 1945: «Norges Høyesterett 21 desember og 14 mai 1945»
- Nils Rune Langeland: Siste ord. Høgsterett i norsk historie 1814–1965. Bind I, 1814–1905, Cappelen, Oslo 2005
- Erling Sandmo: Siste ord. Høyesterett i norsk historie 1814–1965. Bind II, 1905–1965, Cappelen, Oslo 2005
BakgrunnsstoffEndra
- Noregs Høgsterett
- Nyare høgsterettsavgjersler ved LovdataDenne rettsvitskapsartikkelen som har med Noreg og samfunn å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.