Hans Eleonardus Møller, kjend som H.E. Møller, (1. juli 186224. september 1933) var ein norsk jurist og Høgre-politikar frå Porsgrunn.

H.E. Møller tok juridisk embetseksamen i 1886 og var nokre år sakførarfullmektig i Skien. I 1889 opna han kontor i Porsgrunn og arbeidde som overrettssakførar livet ut. Frå 1899 til 1932 var han også aktor i Bamble sorenskriveri og frå 1921 til -32 forsvarar i Gjerpen sorenskriveri. Ved fleire høve var han konstituert som magistrat og politimeister i Porsgrunn og som sorenskrivar i Gjerpen.

Møller hadde ei rekke kommunale verv i Porsgrunn, mellom anna var han medlem i bystyret frå 1898 til 1931, viseordførar 1914–16. Han hadde styreverv i fleire bankar og industriverksemder. Stortingsperioden 1916–18 var han stortingsmann frå einmannskrinsen Porsgrunn, vald for Høgre. På Stortinget var han medlem i Justiskomiteen. Perioden 1923–25 var han statsrevisor.

Kjelder

endre