H.U. Sverdrupfjella
H. U. Sverdrupfjella er ei fjellrekkje like vest for the Gjelsvikfjella i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis. Ho er kring 80 km lang og Hamartind er det høgaste fjellet i fjellkjeda på 2855 moh.[1]
H.U. Sverdrupfjella | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 72°20′S 01°00′E / 72.333°S 1.000°E | ||
Høgaste punkt | Hamartind | ||
• høgd | 2 855 moh. | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
H.U. Sverdrupfjella 72°20′00″S 1°00′00″E / 72.3333°S 1°E | |||
Fjellkjeda vart først fotografert frå lufta og grovt kartlagd av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen 1938–1939. Ho vart kartlagd i detalj av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto tekne av Maudheimekspedisjonen (NBSAE), og igjen seinare av ein ny norsk ekspedisjon. Fjellkjeda er kalla opp etter Harald Sverdrup, styreleiar for den norske komiteen under Maudheimekspedisjonen.[2]
Av fjell i fjellkjeda finn ein Alanpiggen, Barkleyfjella, Brattskarvet, Fuglefjellet, Gburekfjella, Hamartind, Isingen, Joungane, Jutulrøra, Kvithø, Kvithovden, Kvitkjolen, Kvitsvodene, Heddenberget, Kvitskarvet, Krügerfjellet, Roerkulten, Nupskåpa, Oppkuven, Brattskarvet, Rogstadbreen, Rømlingane, Salknappen, Snarbynuten, Sørhausane, Storjoen, Straumsvola, Tverrveggen, Tvora og Vendeholten.
Kjelder
endre- ↑ Elvevold, Synnøve; Ohta, Yoshihide (2010). Nature environment map : H.U. Sverdrupfjella, Dronning Maud Land, East Antarctica, 1:150 000. Norsk polarinstitutt. s. 5. ISBN 978-82-7666-280-1.
- ↑ «H. U. Sverdrupfjella». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 27. februar 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Sverdrup Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «H.U. Sverdrupfjella» (innhald frå Geographic Names Information System).