Harald Sverdrup

norsk skribent
Denne artikkelen handlar om diktaren. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Harald Sverdrup (fleirtyding).

Harald Sverdrup (fødd 29. mai 1923 på Vestvågøy i Lofoten, død 26. juni 1992) var ein norsk lyrikar, og blant dei leiande i etterkrigslitteraturen.

Harald Sverdrup

Harald Sverdup i 1967.
Foto: Rigmor Dahl Delphin/Oslo Museum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. mai 1923
Buksnes kommune
Død

26. juni 1992 (69 år)
Tønsberg

Yrke skribent, lyrikar, barnebokforfattar
Born Elfi Sverdrup
Harald Sverdrup på Commons

Bakgrunn og arbeid endre

Sverdrup debuterte i 1948 med diktsamlinga Drøm og drift. Men både denne samlinga og den neste, Evigbyggende Babel, er relativt uferdige. Ikkje før med den tredje samlinga si Han finner sin elskede (1953) framstod Sverdrup som ein moden og formsikker lyrikar. Det er difor rimeleg å handsame han saman med dei «eigentlege» 50-årsdebutantane.

Harald Sverdrup var ein vitalist og livsdyrkar, og ein av dei mest intense lyrikarane i norsk etterkrigslyrikk.

Sverdrups poesi er prega av ein varm erotikk, og av kunnskap om og kjærleik til naturen. Med eit frodig biletspråk skriv Sverdrup om erotikk og politikk. Eit tema som står svært sentralt i dikta hans, er den brutale rovdrifta på naturen. Med humor, sarkasme og ikkje minst ironi går han til åtak på samfunnsutviklinga i atomalderen. Han åtvarar mot omsynslaus utnytting av naturen og mot faren for å utslette kloden ved bruk av atomvåpen.

Songane «Drikkevise», «Jeg vil bli keiser» og «Sjømannsvise» på Alf Cranners album Rosemalt sound frå 1967 er basert på tekster av Harald Sverdrup.

Harald Sverdrup budde og arbeidde i mange år i Stokke i Vestfold. Han var far til smykkekunstnaren og songaren Elfi Sverdrup.

Bibliografi endre

  • Drøm og drift (1948)
  • Evig byggende Babel (1949)
  • Han finner sin elskede (1953)
  • Syngende natt (1955)
  • Sankt Elms ild (1958)[1]
  • Snurrebassen og andre tøysevers (1958)
  • Isbjørnfantasi (1961)
  • Sang til solen (1964)
  • Negeren og solsikken (1965) (Reisebok)
  • Hvem er du. Utvalgte dikt (1966, 1971)
  • Paradisets barn (1968) (Roman)
  • Farlig vind (1969)
  • Fredløse ord (1971)
  • Kjærlighet. Kjærlighetsdikt (1973)
  • Grønn kalender (1974)
  • Isbjørn. En ishavsberetning for barn og voksne (1976)
  • Gamle Louis og andre dikt (1976)
  • Norsk naturkalender. Naturnotater og fortellinger for ungdom (1977)[2]
  • Blant grekere. Epistler fra Hellas (1978) (med Gunnar Bull Gundersen)
  • Fugleskremsel (1980)
  • Gokstadskipet. Et langdikt om et langskip (1980)
  • Vårt trygge liv - krigsnotater (1982)
  • Samlede dikt 1948-1982 (1983)
  • Gutten og fuglen (med tegnspråk for døve barn) (1984)
  • Lysets øyeblikk. Erotiske dikt og utrygge fredsnotater (1985)
  • Slips i tretoppen. Barndomserindringer (1987)
  • Tranene danser (1989)
  • Solhest i berget (1999)[3]
  • Samlede dikt 1948-1991 (2000)

Prisar og utmerkingar (utval) endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre