Human Development Index

(Omdirigert frå HDI)

Human Development Index (HDI, norsk: Indeksen for menneskeleg utvikling) er på same måten som bruttonasjonalprodukt (BNP) eit mål for velstand i landa i verda. Medan BNP måler rikdommen til eit land, er HDI meint å gje eit meir komplett bilete, ettersom det inkluderer fattigdom, lese- og skrivedugleik, utdanning, forventa levealder, fødselstal og andre faktorar. HDI vart utvikla av den pakistanske økonomen Mahbub ul Haq (1934–1998), og har sidan 1990 vorte brukt i FN sin årlege rapport Human Development Report. HDI vert oppgjeve på ein skala frå 0 til 1, der 1 er best. I rapporten frå 2007 ligg Island, Noreg og Australia øvst på lista, medan Guinea-Bissau, Burkina Faso og Sierra Leone ligg nedst.

Verdskart som viser HDI-indeks i landa i verda (basert på data frå 2018, gjeve ut i 2019).[1]
██ 0,800–1,000 (svært høg) ██ 0,700–0,799 (høg) ██ 0,550–0,699 (middels) ██ 0,350–0,549 (låg) ██ Data manglar

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre