Hypertext Transfer Protocol

(Omdirigert frå HTTP)

Hypertext Transfer Protocol (HTTP) er ein nettverksprotokoll som blir brukt for å overføre det meste av informasjon på verdsveven. HTTP styrer kommunikasjonen mellom ein HTTP-klient, typisk ein nettlesar og ein HTTP-tenar. Dette blir gjort ved at klienten sender ein førespurnad til tenaren, og denne vil da gje ei statusline, som «HTTP/1.1 200 OK», og si eiga melding. Meldinga inneheld typisk det som blei spurd om, som ei viss datafil, men kan også vera ei feilmelding eller annan informasjon.[1]

SogeEndra

Utviklinga av HTTP vart leia av World Wide Web Consortium og ulike arbeidsgrupper i Internet Engineering Task Force, som resulterte i ei rekkje sokalla RFC. Den viktigaste av desse var RFC 2068 frå 1997, som definerer HTTP/1.1. Han blei oppdatert av RFC 2616 i 1999, og av RFC 7230 i 2014.

KjelderEndra

  1. Fielding, Roy T.; Gettys, James; Mogul, Jeffrey C.; Nielsen, Henrik Frystyk; Masinter, Larry; Leach, Paul J.; Berners-Lee, Tim (June 1999). Hypertext Transfer Protocol – HTTP/1.1. IETF. doi:10.17487/RFC2616. RFC 2616. 
  Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.