Haakon Tranberg

norsk friidrettsutøvar

Haakon Werner Tranberg (2. mars 191724. april 1991) var ein norsk friidrettsutøvar som deltok i øvingane 100 meter, 200 meter og lengdehopp. Han vann to sølvmedaljar under EM i friidrett 1946. Tranberg var frå Kristiansand og var medlem av Kristiansands IF. Ein statue av Tranberg er reist ved Kristiansand stadion.

Haakon Tranberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. mars 1917
Vestre Moland kommune
Død

24. april 1991 (74 år)
Kristiansand kommune

Idrett friidrett
Tok del i

EM i friidrett 1946

Utmerkingar

Kongepokal

Aktiv endre

Tranberg vart norsk meister på 100 m i 1939, 1946 og 1947, på 200 m i 1939 og 1946 og i lengdehopp i 1946 og 1947. I 1946 vann han den fyrste kongepokalen sett opp etter verdskrigen.

Han vart nummer to både på 100 m og 200 m under EM i friidrett i 1946 i Oslo. På 100-meteren vann han det femte forsøksheatet med tida 10,8, for så å vinne den tredje og siste semifinalen med tida 10,7. Same tida fekk han i finalen, ein tidels sekund saktare enn John Archer frå Storbritannia. 200-meteren vart så vunnen av Nikolaj Karakulov frå Sovjetunionen med tida 21,6, Tranberg fekk 21,7 i sluttid.

Sin personlege rekord på 100 m på 10,4 sekunder oppnådde han i september 1939 på Bislett stadion. På same bana ein månad tidlegare presterte han si beste tid på 200 m med 21,5 sekundar. Eitt år seinare, atter på Bislett, hoppa han 7,26 m i lengde, hans endelege personlege rekord.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1937: Sølv på 200 m og bronse på 100 m
  • 1938: Sølv på 200 m og bronse på 100 m
  • 1939: Gull både på 100 m (10,6) og 200 m (21,5)
  • 1946: Gull både på 100 m (10,6), 200 m (22,5) og i lengdehopp (7,05 m)
  • 1947: Gull både på 100 m (10,6) og i lengdehopp (7,13 m), samt sølv på 200 m

Kjelder endre