Opna hovudmenyen

Haakon VII land er eit landområde på nordvestlege Spitsbergen, Svalbard. Det er avgrensa geografisk mot Woodfjorden i nordaust, Kongsfjorden i sørvest og isbreen Isachsenfonna i sør.

Haakon VII land grensar mot Albert I land i vest, James I land i sør og Andree land i aust. Området er fjelldekt med toppar jamnt over opp til 1.300 meter i sør og aust, noko lågare i vest. Høgste toppen er Eidsvollfjellet med 1.454 m.o.h.

Landskapet delt i to på midten i retning nord-sør, av ei renne i fjellandskapet som er bredekt med to hovudbrear: Monacobreen i nord (renn ut i Liefdefjorden), og Isachsenfonna i sør.

Heile landskapet ligg inne i Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark.