Haavard Hanssen

norsk politikar

Haavard Nikolai Hanssen (23. november 187314. februar 1955) var ein norsk gardbrukar, fiskar og politikar frå Hadsel i Nordland. Han var ordførar i Hadsel og stortingsmann 1934-36 for Bondepartiet.

Haavard Hanssen
Fødd23. november 1873
Død14. februar 1955 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1931–1933)
  • stortingsrepresentant (1934–1936)
  • vararepresentant til Stortinget (1937–1945) Sjå dette på Wikidata

Hanssen dreiv fiske frå han var 13 år gammal. I 25 år fiska han ved Lofoten, Vesterålen og på Finnmarka, 18 år som høvedsmann. Han var også utlært smed og aktiv i yrket frå 1898 til 1912. Gardbrukar på Kalsnes i Hadsel frå 1894.

Hanssen var medlem av kommunestyret frå 1901 til 1936, bortsett frå ein valbolk på tre år. Ordførar i Hadsel frå 1929 til 1934. 1913-28 fattigforstandar, elles utskiftnings- og skjønsmann, formann i overlikninga i kommunen i sju år. «Han hadde en viktig rolle i utbyggingen av de sosiale tjenester i kommunen». Etter å ha vore varamann til Stortinget 1931-33, hadde han fast stortingsplass 1934-36. På Tinget var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomitéen.

Kjelder

endre