Haavard Martinsen

norsk politikar

Haavard Martinsen (6. februar 18792. august 1967) var ein norsk kjemikar, forretningsmann og politikar, fødd i Nedre Eiker og oppvaksen i Oslo. Gustav Martinsen var far hans.

Haavard Martinsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. februar 1879
Nedre Eiker kommune
Død

2. august 1967 (88 år)

Yrke politikar, kjemikar
Politisk parti Høgre
Far Gustav Martinsen
Haavard Martinsen på Commons

Martinsen gjekk på Krigsskulen og studerte seinare kjemi i Dresden. I 1904 leverte han avhandlinga Bidrag til nitreringsprocessens reaktionskinetik og vart den fyrste dr.philos. frå Kjemisk institutt ved Universitetet i Oslo. Etter studieopphald i Paris og London underviste han frå hausten 1905 på den tekniske skulen i Oslo.

Då eldste bror hans døydde våren 1908 byrja Martinsen å arbeide i familiefirmaet Bjølsen Valsemølle, frå 1911 som forretningsførar. I 1918 tok han over både som direktør og styreformann i firmaet, stillingar han hadde til 1949 og 1951. Som formann i Mølleforeningen frå 1913 aksepterte han strenge reguleringar av mylnebransjen under fyrste verdskrigen og seinare kornmonopolet gjennom etableringa av Statens Kornforretning i 1929. Desse ordningane syrgde for solid forteneste til Bjølsen Valsemølle i mellomkrigsåra, som elles ekspanderte gjennom oppkjøp av andre mylner.

Martinsen var ordførar i Oslo 1920-22, vald for partiet Høgre.

Kjelder endre