Sjå òg Kvern (fleirtyding) og Mølle (fleirtyding).

Ei mylne, mølle eller kvern er ei maskin som vert nytta for å mala korn. I tradisjonelle kvernar vert kornet knusa mellom to horisontale møllesteinar, der den eine steinen er stasjonær og den andre vert driven rundt. Ein annan type hadde eit tungt steinhjul som vart rulla over kornet for å knusa det.

Ei tysk vasskvern.

Soge endre

Handkvernar endre

 
Enkel handkvern i bruk i Tibet i 1938.
 
Ei slovakisk handkvern

Den tidlegaste bruken av handkvernane ein kjenner til, var i Levanten i epipaleolithikum (midtre steinalder)[treng kjelde]. På nordiske buplassar er funne handkvernar heilt frå 400-talet [1]. På små bruk var handkvernar lenge i bruk og somme stader, som til dømes i nokre latinamerikanske land, er handkvernar framleis i bruk.

Kvernsteinane endre

 
Kvernsteinar.

Kvernsteinane vart hogne ut frå fjell med kyanittførande granatglimmerskifer, og i Noreg er det funne spor etter kvernsteinindustri heilt frå rundt 700 [2]. Ein trur at denne industrien auka og var på det største i mellomalderen [2] [3]. Selbu skal ha hatt den største produksjonen, men det vart òg brote kvernstein i Åfjorden i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane, Sømna, Salvær, Sørreisa, Rana og Vågå.[3]

Drift av mylner endre

Større kvernar vart drivne med ymse typar energikjelder, som rennande vatn og vind, alt etter kva naturen hadde å by på.

Vassmylner endre

 
Kvernhus i HavråOsterøy i Hordaland.
 
Kvernstein i ei vassdriven kvern.
 
Ei kvern frå 1800-talet: måleri av Ferdinand Heilbuth.

I land med rikeleg tilgang på elvar og bekker, som i Noreg, har vasshjul og kvernkallar vore mest utbreidd. I Noreg har vasskvernar vore i drift frå høgmiddelalderen [4]. Vasskvernar har òg vorte kalla bekkekvernar, fossekvernar og flaumkvernar. Den siste nemninga tyder på at kvernane har stått ved flaumbekker. Det var difor vanleg å mala kornet på hausten når det ofte var mykje regn, eller i vårflaumen. Medan ein treskte manuelt, var det ofte for seint å mala om hausten.

Medan det i andre skandinaviske land var godseigarar og storgardar som gjennom privilegium åtte mylnene, hadde alle norske bønder høve til å halda seg med eiga kvern [4]. Det vart sagt at «kjerring, hest og kvern høyrde til kvart bruk»[4]. Ein reknar med at det rundt 1830 var mellom 25 000 og 30 000 kvernar i Noreg, eller rundt 30 % av alle gardar i landet [4]. Men framover mot år 1900 minka talet på grunn av at ein gjekk over til større bygdekvernar, som gav finare mjøl, og ut på 1920-talet var talet nede i rundt 7000 [4]. Gardsbruk som rådde over ei elv eller ein bekk med nok vassføring til å mala meir enn sitt eige korn, kunne få ei ekstrainntekt ved å mala for andre som ikkje hadde eiga kvern. Eiker skal ha vore tidleg ute med å utnytta vasskrafta til å driva kvernane [5].

Vindmylner endre

 
Stubbmøller i Jalutorovsk i Tjumen oblast i Russland.
 
Ei dansk vindmølle av hollandsk type.
Hovudartikkel: Vindmølle

I flatt lende ute ved kysten er det ofte stabil vind, og vindenergi vart ei turvande energikjelde for kvernane. Vindmøller vart utbreidde, og i fleire hundre år prega dei kystlandskapet. Sjølv om ein i dag ofte forbind vindmøller med Nederland, var dei òg i bruk mange andre stader, som Danmark, Sverige, Nord-Tyskland og Iberia. Dei var og utbreidde på slettelandskap med stabil vind, som i Ukraina.

Fleire typar var i bruk. På stubbmøllene roterte heile mølla, slik at ho kunne snuast etter som vinden snudde. Namnet kjem av at tidlege stubbmøller vart bygde rundt ein stubbe, eller eit tre, som tente som fundament og opplagring. Denne typen kvernar var ofte ikkje så store. På vindmøller av hollandsk type var det berre den øvre delen av huset som roterte. Denne typen var ofte bygd av murstein og var så stødig at det var mogleg å byggja store møller. Ein tredje type, kalla «paltrockkvern», likna på stubbkvernane på det viset at heile huset roterte, men i staden for eit sentralt lager kvilte huset på ein hjulkrans under ytterveggene.

Ein er ikkje sikker på når dei fyrste vindmøllene vart tekne i bruk, men i ei babylonsk lov frå 1750 fvt. er dei nemnde.[treng kjelde]

Hestevandringar endre

Der ein ikkje hadde tilgang korkje på rennande vatn eller stabil vind, var ein nøydd til å nytta hestevandringar. Dette var ei kostbar løysing, både på grunn av at det sleit på hestane, og på grunn av at det gjekk meir fôr når hestane arbeidde hardt.

Motordrift endre

dampmaskinar vart tilgjengelege på 1800-talet, vart hestevandringane i stort mon bytte ut med dampmaskinar.[6] Der kol var lett tilgjengeleg, vart det nytta som brensle for dampmaskinane, men det var òg vanleg å nytta halm som brensle. På slutten av 1800-talet tok ein òg til å nytta råoljemotorar, som var lettare å flytta frå gard til gard, eller mellom treskjeverk og kvern. Bensinmotorar var mindre attraktive, både på grunn av at bensin var dyrare enn råolje, og på grunn av brannfaren.

Bygdekvernane endre

Mot slutten av 1800-talet auka kravet til kvaliteten på mjølet, og finare mjøl enn ein fekk frå gardskvernane, vart etterspurt. Dette førte til at det vart bygd større bygdekvernar. Desse kunne vera eigde av fleire gardbrukarar, som hadde midlar å skyta inn. Men det var heller ikkje uvanleg at ein pengesterk handelsmann bygde kvern og leigde ein mylnar og hjelparar.

Kjelder endre

  1. Kverna som sviv og mel, www.kvernstein.no
  2. 2,0 2,1 Åfjordsteinen, www.kvernstein.no
  3. 3,0 3,1 Kvernsteins-bygda, www.nrl.no. (vitja 19/10-2009.)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Gjerdåker, B., Noregs landbrukshistorie III 1814 - 1920, Det norske samlaget, 2002.
  5. Wollertsen, A.G., Mølledrift og annen virksomhet ved elvene i Nedre Eiker i gamle dager Arkivert 2015-05-09 ved Wayback Machine., www.eiker.org, 15/10-2007.
  6. Moberg, Harald, A:son, Jordbruksmekanisering i Sverige under tre sekel, Kungl. Skog- och Lantbruksakademien, 1989.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre