Hag's Head
Hag's Head eller Hags Head er ein odde[1] som dannar det sørlegaste punktet av Moher-klippene i County Clare på Irland. Klippene dannar ein formasjon som liknar eit kvinnehovud som ser utover sjøen. Staden er eit godt utsiktspunkt for å sjå klippene, og dannar eine enden av turruta Cliffs of Moher Coastal Trail.[2]
Namn
endreEi irsk soge fortel at ei gammal kone eller sjøheks, Mal of Malbay, blei forelska i den irske helten Cú Chulainn, og jaga han over heile Irland. Cú Chulainn flykta ved å hoppa over staurar som om dei var vadesteinar. Mal mista fotfestet, og blei slått mot klippa.[3]
Skildring
endreEin tårnruin kjend som Moher Tower står på Hag's Head. Fram til tidleg på 1800-talet var det også eit festningsverk her kjend som Mothar eller Moher. Hag's Head omfattar også ein naturleg steinboge.[4]:28–9
Kjelder
endre- ↑ Best, James L.; Wignall, Paul B. (26. april 2016), A Field Guide to the Carboniferous Sediments of the Shannon Basin, Western Ireland (på engelsk), John Wiley & Sons, ISBN 978-1-119-25715-8, henta 10. juni 2020
- ↑ «Cliffs of Moher Coastal Walk- Walking the Cliffs of Moher from Hags Head», Travel? Yes Please! (på engelsk), 13. mai 2018, henta 10. juni 2020
- ↑ «Legend of Hags Head, Cliffs of Moher», Cliffs of Moher Cruises (på engelsk), 29. juni 2015, henta 10. juni 2020
- ↑ Roche, D. The Clare Guide - Official Irish Tourist Board Guide. Bord Failte.
- Denne artikkelen bygger på «Hag's Head» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2020.