Moher-klippene
Moher-klippene (engelsk Cliffs of Moher, irsk Aillte an Mhothair,[1] 'Klippene til ruinen') er nokre kjende klipper ved kysten av County Clare i Irland. Dei ligg ved sørvestenden av platået The Burren,[2][3] og strekkjer seg i 14 km langs kysten.
Moher-klippene | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Moher-klippene | |||
Wikimedia Commons: Cliffs of Moher | |||
I sørenenden når dei 120 moh. ved Hag's Head, og 8 km lenger nord når dei den største høgda si på 214 meter like nord for O'Brien's Tower,[4] eit rundt steintårn bygd i 1835 av Sir Cornelius O'Brien,[2][5] før dei blir lågare. Dei næraste busetnadane er landsbyane Liscannor, som ligg 6 km sør, og Doolin 7 km nord.
Klippene er eit viktig turistmål. Herfrå kan ein sjå Aran-øyane i Galway Bay, fjella Maumturks og Twelve Pins i nord og Loop Head i sør.[5] Klippene er ein av dei viktigaste turistattraksjonane på Irland, med rundt 1,5 millionar vitjande kvart år.[6]
Geologi og dyrelivEndra
Klippene består for det meste av skifer og sandstein. Ein kan sjå 300 millionar år gamle elve- og bekkefar i dei lågaste delane av landskapet.
På klippene finst kring 30 000 fuglar frå 29 forskjellige arter. Lundefugl hekkar her i store koloniar i utilgjengelege delar av klippene, og på den vesle «Goat Island». Her finst også ravn, hauk, måke, lomvi, storskarv og alpekaie.
GalleriEndra
Staur i klippene
KjelderEndra
- ↑ «Cliffs of Moher». Placenames Database of Ireland. Henta 24. februar 2012.
- ↑ 2,0 2,1 «The Cliffs of Moher». myguideireland.com.
- ↑ Portrait of Ireland: Landscapes, Treasures, Traditions. Dorling Kindersley Travel Guides. 1. august 2000. ISBN 0-7894-6361-X.
- ↑ «Discover Ireland website (official tourism site) – Cliffs of Moher». Discover Ireland. Arkivert frå originalen 9. januar 2010.
- ↑ 5,0 5,1 «O'Brien's Tower». CliffsofMoher.ie (Official Site). Henta 7. april 2014.
- ↑ «Record numbers visit Cliffs of Moher in 2016 - over 1.42 million visits just to the official visitor centre». Irish Examiner (national newspaper). 4. januar 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Cliffs of Moher» frå Wikipedia på engelsk, og «Cliffs of Moher» frå Wikipedia på bokmål den 10. juni 2020.