Hakallestranda er ei bygd i Vanylven kommune. Bygda strekker seg 9,5 km langs dei indre delane av Haugsfjorden, på austsida av fjorden, og omfattar 15 heller små matrikkelgardar. Dei er, frå nord; Sætrevik, Nystøyl, Klovningen, Krakset, Kobbevik, Bergsnev, Nøre-Håberg, Hola, Søre-Håberg, Sandvik, Halsen, Hammaren, Molvik og Rønnestad.

Fram til 1971 var Hakallestranda eigen skulekrins, sidan då har det vore ein del av den nye og samaslåtte krinsen Åram. Folketalet på Hakallestranda auka frå 89 i 1801 til 275 i 1891. Sidan steig det til eit toppnivå med 368 ibuarar i 1960. I 1990 budde 299 menneske i bygda. Fram til utgangen av 2001 høyrde Hakallestranda og Åram krins til Sande kommune. Ei folkeavrøysting hadde gitt fleirtal for å byte kommune.

Namnet på bygda skal skrive seg frå eit eldre namn på Nystøylhornet, før kalla Håkallen. På 1700-talet, fortel Hans Strøm, meinte ein bygdenamnet var etter kvinnenamnet Hakatle, eit personnamn som då endå var i bruk i bygda.

Kjelder endre

  • Sandesoga. band II. Volda 1996