Åram er ein matrikkelgard og ein krins i Vanylven kommune. I krinsen bur om lag 380 menneske. Fram til 2001 høyrde Åram til Sande kommune, ei folkeavrøysting i krinsen gjekk inn for å byte kommune.

Matrikkelgarden Åram hadde fram til 2001 gardsnummer 38 i Sande. Garden var i tida frå 1620 tobølt, heilt til to nye bruk vart opparbeidde i fyrste halvdelen av 1800-talet. Åram kyrkje, som vart vigsla i 1927, står på Åram. Åram hadde rutebåtsamband frå kring 1900 til 1962. Sidan 1968 har Åram hatt ferjesamband til Voksa, Kvamsøya og Larsnes.

Den kommunale krinsen Åram omfattar Brandalsstranda (langs Rovdefjorden) i nordaust og Hakallestranda (langs Vanylvsfjorden) sør for matrikkelgarden Åram.

BakgrunnsstoffEndra

Kommunal side om Åram

KjelderEndra

  • Sandesoga. Band II