Hakkasteik
Hakkasteik (òg kalla grynasteik eller brurasteik) er tradisjonsmat frå Hardanger, der det er vanleg å servera hakkasteik som kvelds- eller nattmat i bryllaup. Retten har konsistens som tjukk graut og er laga av oppmale, kokt kjøt og flesk blanda med kokte byggryn. Hakkasteik vert anten servert med kokte poteter og grønsaker eller berre med flatbrød eller potetkaker.