Half-Life 2
Half-Life 2 er eit fyrste-persons skytespel utvikla av Valve Corporation gjeve ut den 16. november 2004 til Windows, Xbox, Xbox 360, PlayStation 3, OS X, Linux og Shield Portable. Spelet kom ut etter ei femårig utvikling med eit budsjett på $ 40 000 000, der ein vesentleg del av prosjektet vart leke og distribuert på Internett. Spelet vart utvikla saman med Valve si Steam-programvare. Spelet introduserte spelemotoren Source. Grunna Steam var det det fyrste enkeltspelar spelet som kravde online produktaktivering.
HλLF-LIFE 2 | |||
Utviklar(ar) | Valve Corporation | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Valve Corporation, Sierra Entertainment | ||
Distributør | Vivendi Games, Steam, Google Play | ||
Komponist(ar) | Kelly Bailey | ||
Serie | Half-Life | ||
Spelmotor | Source | ||
Siste versjon | Source 24 (Build 5345) | ||
Plattform(er) | Windows, Xbox, Xbox 360, PlayStation 3, OS X, Linux, Shield Portable. | ||
Utgjeving | 16. november 2004 | ||
Sjanger | Fyrstepersons skytespel | ||
Spelemodus | Enkeltspelar | ||
Aldersgrense | 15+ | ||
Nettstad | https://www.half-life.com/en/halflife2 | ||
Del av serien Half-Life⠀ | |||
←Half-Life · Half-Life 2: Episode One, Half-Life 2: Lost Coast→ |
Half-Life 2 fekk slik som sin forgjengar strålande kritikkar. Det fekk ros for sin avanserte fysikk, animasjon, lydar, AI, grafikk og historie. Spelet vann 39 Game of the Year-prisar og fekk tittelen «Game Of The Decade» på Spike Video Game Awards i 2012. Pr. februar 2011 har Half-Life 2 selt over 12 million eksemplar.
Oppfylgjarar
endreSidan utgjevinga av Half-Life 2 har Valve Corporation utgjeve eit ekstra nivå og to oppfylgjarar. Nivået Half-Life 2: Lost Coast, var meint å finne stad mellom nivåa «Highway 17» og «Sandtraps». Det er fyrst og fremst ein presentasjon av høg-dynamisk rekkevidde (HDR) teknologi. Den fyrste tilleggspakke oppfylgjaren, Half-Life 2: Episode One, finn stad rett etter hendingane i Half-Life 2, der spelaren igjen tek på seg rolla som Gordon Freeman, og der Alyx Vance speler ei endå større rolle. Half-Life 2: Episode Two held fram direkte etter avslutninga av Episode One. Her skal Alyx og Gordon finne vegen til White Forest-basen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Half-Life 2» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisell The Orange Box-nettstad
- Offisell Valve-nettstad