Valve Corporation
Valve Corporation (tidlegare Valve Software) er ein amerikansk dataspelutviklar med hovudkontor i Bellevue i Washington. Valve blei grunnlagt av Gabe Newell i 1996 og blei verdskjend etter det fyrste produktet deira, Half-Life, som blei lansert den 19. november 1998. Selskapet fekk på ny mykje omtale og ros ved lanseringa av Half-Life 2 i 2004. Sidan har dei utgitt programvara Steam som er ein distribusjonsplattform for spel, og tilgjengeleg på PC og PS3.
Valve Corporation | |||
| |||
| |||
Bransje | Dataspelindustrien | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1996 | ||
Eigenandel i | Steam | ||
Hovudkontor | Bellevue i Washington | ||
Land | USA | ||
Produkt | dataspel, programvare | ||
Grunnleggjar(ar) | Gabe Newell, Mike Harrington | ||
Adm.dir. | Gabe Newell (1996) | ||
Dagleg leiar | Gabe Newell | ||
Nettstad | https://www.valvesoftware.com/ (engelsk) |
Valve har produsert videospelseriane Counter-Strike, Day of Defeat, Half-Life, Left 4 Dead, Portal, Team Fortress og spelet Dota 2.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Valve Corporation» frå Wikipedia på engelsk, den 13. februar 2015.