Haljem
(Omdirigert frå Halhjem i Os)
Haljem, også skrive Halhjem, er ein liten tettstad sør i Bjørnafjorden kommune i Vestland. På Halhjem er det ein ferjekai med ferjesamband til Sandvikvåg på Fitjar og til Våge på Tysnes. Ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg er ein del av Kyststamvegen.
Haljem | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bjørnafjorden | ||
Postnummer | 5200 OS | ||
Preposisjon | på Haljem | ||
Ferdselsårer | E39 | ||
Haljem 60°09′00″N 5°26′00″E / 60.15°N 5.43333333°E |
Fram til og med 1999 rekna Statistisk sentralbyrå Haljem som eigen tettstad, men sidan har Haljemsområdet vore medrekna til tettstaden Osøyro. I 1999 budde det 991 personar på Haljem.[1]
Halhjem har hatt busetnad frå tidleg i den menneskelege historia. Mellom anna har ein funne helleristingar der.
Kjelder
endre- ↑ SSB: «Tettsteder. Folkemengde og areal etter kommune. Reviderte tall. 1. januar 1999.», arkivert frå originalen 4. november 2005, henta 29. mai 2008
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.