Halifax er provinshovudstad i Nova Scotia i Canada. Folketalet var i 2006 372 679, noko som gjer byen til den 13. mest folkerike i Canada.[1] Den opphavlege byen Halifax vart oppløyst i 1996 då Halifax regionalkommune vart skipa.

Halifax Regional Municipality
Halifax rundt 1920.
Halifax rundt 1920.
Halifax rundt 1920.
Kallenamn
«The Queen City»
Motto
«E Mari Merces ('Frå havet, rikdom')»
Styresmakter
Land
Provins
Canada
Nova Scotia
Grunnlagd 1. april 1996
Geografi
Flatevidd 5 490,90 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)

372,679
Koordinatar 44°51′16″N 63°11′57″W / 44.85444°N 63.19917°W / 44.85444; -63.19917
Høgd over havet Frå 0 til 145 m
Tidssone
- Ved sommartid
AST (UTC-4)
ADT (UTC-3)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 902
Heimeside: http://www.halifax.ca

Den første europeiske busetjinga i Halifax kom i 1749. Området var opphavleg folkesett av mi'kmaq-folket. Dei kalla området Jipugtug, som betyr den store hamna. I 1917 blei Halifax øydelagt i den største menneskeskapte eksplosjonen før Hiroshima-bomba. Dette skjedde då det franske skipet Mont-Blanc, som var lasta med eksplosiver, kolliderte med det norske skipet Imo, lasta med naudhjelpsutstyr. Mont-Blanc tok fyr i samanstøyten, og lasta eksploderte.

Byen er ein viktig hamneby og baserer økonomien på fiske og import. Under andre verdskrigen var Halifax eit knutepunkt i den allierte konvoitrafikken. I Halifax er det fem universitet: Dalhousie, Saint Mary's, University of King's. College, Mount Saint Vincent, og Nova Scotia College of Art and Design (NSCAD).

Dei fleste omkomne frå skipet Titanic blei gravlagt i Halifax.

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 17. november 2007, henta 22. juni 2007 
  • Denne artikkelen er basert på artikkelen på bokmålswikipediaen per 22.06.07, men omarbeidd etter det.

Bakgrunn endre