Hall Bluff
Hall Bluff er ein markant fjellskrent, 750 moh, som dannar austenden av Dais og markerer inngangen til dalen ved North Fork og South Fork i Wright Valley i Victoria Land i Antarktis. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (1997) etter Brenda Hall, ein forskingsassistent ved det geologiske instituttet ved University of Maine frå 1990 og ein feltgeolog i seks sesongar for United States Antarctic Program frå 1990–91 til 1995–96, der ho mellom anna arbeidde i Wright Valley i nærleiken av denne skrenten.[1]
Hall Bluff | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 77°33′S 161°23′E / 77.550°S 161.383°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hall Bluff 77°33′16″S 161°23′31″E / 77.5544°S 161.392°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Hall Bluff». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 7. desember 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hall Bluff» (innhald frå Geographic Names Information System).