Hallad Ragnvaldsson

Hallad Ragnvaldsson (Hallað son Rögnvalds) var jarl på Orknøyane, truleg omkring år 890.

Hallad Ragnvaldsson
Fødd860
TittelJarl på Orknøyane
FøregangarGuttorm Sigurdsson jarl
EtterfylgjarEinar Ragnvaldsson
(Torv-Einar)
Alle titlarJarl
MorGroa (?)
FarRagnvald Mørejarl
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten jarl í Orkneyum.

Norrøne kjelderEndra

Hallad Ragnvaldsson er nemnt i Orknøyingasoga[1] og i «Soga om Harald Hårfagre».[2]

FamilieEndra

Far til Hallad var Ragnvald Mørejarl og mora var ei frillekone som vi ikkje kjenner namnet på. I Orknøyingasoga[3] er det nemnt at han hadde fire brør, eller halvbrør, dei var: Rollaug, Einar, Rolv (Gange-Rolv) og Tore (Tore Teiande). Berre dei to siste var ektefødde søner av Ragnvald jarl. Ein femte bror var Ivar som fall på ei hærferd saman med Harald Hårfagre.

OrknøyjarlEndra

Etter at Ragnvald Mørejarl fekk kjennskap til at bror hans Sigurd og brorsonen Guttorm Sigurdsson var avlidne, sette han sonen sin, Hallad, til ny jarl på Orknøyane. Hallad busette seg på Rossøy (Mainland i Orknøyane).

På denne tida var det stor plage av vikingar som rana og drap folk, både på Orknøyane og på Katanes. Bøndene klaga seg til Hallad jarl, men han tykte det var vanskeleg å hjelpe dei, og til sist vart han lei av å vere jarl. Han sa frå seg tittelen[Note 1] og drog heim til Noreg for å bli bonde, og det blir sagt i soga at folk tykte at dette var ei skammeleg framferd (ferdð hin hæðiligsta).

Det er ikkje kjent verken når Hallad var fødd, eller når han vart jarl, men truleg må opphaldet hans på Orknøyane ha vore nokså kort og må kunne tidfestast til omkring 890.[Note 2]

NotarEndra

  1. I Orknøyingasoga (kap. 6) står det at han «velte seg or jarledømet» (veltist or jarldóminum).
  2. I alle høve før 892, det året ein reknar med faren Ragnvald Mørejarl døydde.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Snorres kongesoger kapittel 27, Oslo 1996, ISBN 8252141390
  3. Orknøyingasoga, kapittel 4

BakgrunnsstoffEndra

  • The Northern Earldoms, av Barbara E. Crawford (2013) ISBN 978 1 9046079