Halldor Skard (fødd 11. april 1973) er ein norsk tidlegare kombinertløpar frå Oslo. Han var med på å vinne gull for Norge på 4 x 5 km stafett under OL 1998 i Nagano. Skard har også to VM-medaljar i lagøvinga, gull i 1997 og sølv i 1995.

Halldor Skard
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. april 1973 (51 år)
Oslo
Idrett kombinert
Tok del i

Nordic combined at the 1998 Winter Olympics – team

Karriere endre

Skard vart juniorverdsmeister i kombinert i Vuokatti i 1992. Fyrst vinteren 1995 nådde han eit nivå som gjorde at han kunne måle seg mot dei dyktigaste kombinertrennarane i verda. I sine tre beste sesongar, 1995-97, hadde han fem pallplasseringar (1-2-2) i verdscuprenn. Framom tre landsmenn vann han i Steamboat Springs sin einaste siger i verdscupen i desember 1996.

Skard fekk i 1995 plass på det norske firemannslaget som tok sølvmedaljar under ski-VM i Thunder Bay. Under verdsmeisterskapen på ski i Trondheim i 1997 vart han nummer 13 i den individuelle kombinertøvinga, og gjekk fyrste etappen for Noregs gullmannskap i lagtevlinga: Bjarte Engen Vik, Knut Tore Apeland og Fred Børre Lundberg. Året etter starta Skard også fyrst i langrennsdelen då Noreg vann OL-gull for lag, då saman Kenneth Braaten og førnemnde Vik og Lundberg.

Han slutta som aktiv i 2000.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre