Halul
Halul (arabisk حالول) er ei øy i Qatar. Ho ligg kring 100 km nordaust for Doha og er eit lagringsområde og losseterminal for olje frå dei kringliggande oljefelta i havet.[1] Ein av hovudbasane til den qatarske marinen ligg på Halul.[2] Kystvakta har òg ein base på øya.[3]
Halul | |||
حالول | |||
øy | |||
Land | Qatar | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 25°40′30″N 52°24′41″E / 25.67500°N 52.41139°E | ||
Halul 25°40′20″N 52°24′30″E / 25.672222222222°N 52.408333333333°E | |||
Kart som viser Halul.
| |||
Wikimedia Commons: Halul Island |
Tidleg på 1900-talet var det stort sett perledykkarbåtar som vitja øya.[4]
Industri
endreKort tid etter oljeindustrien i Qatar kom i gang byrja staten i midten av 1950-åra å investere resursar i å omgjere Halul til ein stor oljeterminal. Øya vart enno viktigare då dei i 1960-åra byrja å utnytte fleire oljefelt i havområdet. Mellom 1964 og 1966 vart det bygd industriområde på øya. I 2015 hadde øya 11 flytande oljetankar med ein kapasitet på i alt 5 millionar fat råolje.[3]
Halul produserer sin eigen elektristet. Her er ni turbogeneratorar med ein kapasitet på 43 MW. To avsaltingsverk på Halul leverer kvar dag 400 kubikkmeter vatn.[3]
Geologi
endreDet meste av øya ligg på eit sedimentært lag frå paleozoikum. Hormuz-formasjonen frå kambrium er det dominerande overflatelaget.[5] Det er eit av berre to territorium i Qatar som ligg på ei flate frå paleozoikum.[6] Det finst jernoksid som hematitt og oker på øya, men dette er ikkje vunne ut på grunn av store kostnader med utvinninga og transporten bort frå øya.[7]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Halul Island» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Geography». Library of Congress Country Studies. Henta 24. oktober 2016. Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå nettside eller dokument frå Library of Congress Country Studies.
- ↑ RSN Singh (2008). Asian Strategic and Military Perspective. Lancer Publishers. s. 388. ISBN 978-8170622451.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Halul». Qatar Petroleum. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 2. juli 2015.
- ↑ «'Persiabukta Gazetteer Part II, Geographical and Descriptive Materials, Section II Western Side of the Gulf' [53v] (109/286)». Qatar Digital Library. Henta 23. juli 2015.
- ↑ Sobhi Nasir, Hamad Al-Saad, Abudlrazak Alsayigh, Oliver Weidlich (25. august 2008). «Geology and petrology of the Hormuz dolomitt, Infra-Cambrian: Implications for the formation of the salt-cored Halul and Shraouh islands, Offshore, State of Qatar». Journal of Asian Earth Sciences 33 (5–6): Abstract. Henta 24. oktober 2016.
- ↑ Al-Kubaisi, Muhammed Ali M. (1984). Industrial development in Qatar: a geographical assessment (PDF). Durham E-Theses, Durham University. s. 12.
- ↑ Al-Kubaisi, Muhammed Ali M. (1984). Industrial development in Qatar: a geographical assessment (PDF). Durham E-Theses, Durham University. s. 11.