Halvvokal

(Omdirigert frå Halvsjølvljod)

Ein halvvokal er ein språklyd som vert uttala utan hindringar i munnhòla, men som likevel ikkje kan vera stavingsberande. Han minnar dermed om ein vokal i artikulasjonen, men har funksjon som ein konsonant.[1] I det internasjonale fonetiske alfabetet skriv ein halvvokalar som ein vokal med ein ikkje-stavingsberande-markør under.

Den einaste halvvokalen i norsk er j, med uttalen [i ̯]. På engelsk har ein dømay og w i ord som yes og west.

Kjelder

endre
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.