Hamblinbreen
Hamblinbreen er ein isbre som flyt til søraustsida av Widmark forlandsbre i Graham Land i Antarktis. Han vart fotografert av Hunting Aerosurveys Ltd i 1955–57, og kartlagt frå desse bileta av Falkland Islands Dependencies Survey. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1959 etter Theodore Hamblin (1890–1952), ein engelsk optikar som i 1930-åra var med på utviklinga av eit nytt design for snøbriller.[1]
Hamblinbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 66°24′S 65°7′W / 66.400°S 65.117°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hamblinbreen 66°24′00″S 65°07′00″W / 66.4°S 65.1167°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Hamblin Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hamblinbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).