Hanøy i Fitjar

i Fitjarøyane i Fitjar kommune

Hanøy er ei øy i Fitjarøyane i Fitjar kommune. Ho ligg i Brandasundsøyane mellom Eidøy i aust, Spannosen i sør, Selsøy i sørvest og Selbjørnsfjorden i nord. Øya er veglaus og utan fast busetjing

Hanøy
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Folketal 0  (2023)
Postnummer 5419 FITJAR
Gardnummer 25

Ho er kring 1,3 km lang og 750 meter på det breiaste.

I 1843 vart Hanøy med Klammerøyo, Urøyo, Klammerholmen, Skipaholmen og Skvetten, fredlyst.

Garden endre

Garden på øya var opphavleg husmannsplass under Brandasund til 1723, då øya vart skyldsett for 6 merker smør.

Namn endre

Øya har fått namn etter ein stor stein som ser ut som ein hane frå leia søranfor.

Namnet har vorte skrive Hanøen.

Folketalsutvikling endre

1801[1] 1900[2] 2000
3 6 0


Kjelder endre

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar. 
  1. Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet