Hanøy i Fitjar
i Fitjarøyane i Fitjar kommune
(Omdirigert frå Hanøyo)
Hanøy er ei øy i Fitjarøyane i Fitjar kommune. Ho ligg i Brandasundsøyane mellom Eidøy i aust, Spannosen i sør, Selsøy i sørvest og Selbjørnsfjorden i nord. Øya er veglaus og utan fast busetjing
Hanøy | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Fitjar | ||
Folketal | 0 (2023) | ||
Postnummer | 5419 FITJAR | ||
Gardnummer | 25 | ||
Ho er kring 1,3 km lang og 750 meter på det breiaste.
I 1843 vart Hanøy med Klammerøyo, Urøyo, Klammerholmen, Skipaholmen og Skvetten, fredlyst.
Garden
endreGarden på øya var opphavleg husmannsplass under Brandasund til 1723, då øya vart skyldsett for 6 merker smør.
Namn
endreØya har fått namn etter ein stor stein som ser ut som ein hane frå leia søranfor.
Namnet har vorte skrive Hanøen.
Folketalsutvikling
endre1801[1] | 1900[2] | 2000 |
---|---|---|
3 | 6 | 0 |
Kjelder
endre- Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.
- ↑ Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet