Handball-NM 1982 for kvinner

Noregsmeisterskap i handball

Noregsmeisterskapen i handball 1982 for kvinner vart vunne av Sverresborg Idrettsforening etter finalesiger 22-21 over favoritten Skogn Idrettslag.

FinalenEndra

Finalen vart avvikla i Nidarøhallen i Trondheim 19. desember 1982 framfor 2 202 tilskodarar. Sverresborg leia 11-8 ved pause. I den andre omgangen auka Trondheims-laget til 15-10, før Skogn henta inn forspranget og utlikna til 21-21. Eitt minutt før full tid skåra Anne Berg Larssen målet som gav Sverresborg sigeren med sluttsiffera 22-21.

Mona Lilleberg skåra 7 av Sverresborg IF sine mål, 3 av dei på straffekast. Elles netta Britt Johansen og Anne Berg Larssen 4 gongar kvar, Tove Westby og Karin Singstad stod begge for 3 mål og Kjersti Zahl skåra 1 gong.

Skogn IL sine målskårarar var Annepetra Jensen og Marit Breivik Løkeberg, begge 7 mål, Eli Brenne (4), Randi Eriksen, Gerd Bjørnaas, Ann-Kristin Jenshus, alle 1.

Bjørn Erik Børresen (Linderud) og Nils Hallan (Haslum) dømde kampen. Dei straffa Skogn med sju tominutts-utvisingar og Sverresborg med tre.

KjelderEndra