Sverresborg Idrettsforening
Sverresborg Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Byåsen i Trondheim, stifta 30. oktober 1931. Laget er aktivt med i basketball, fotball og handball. Sverresborg spelar i grøne trøyer og svarte bukser.
Sverresborg IF er særleg kjend for kvinnelaget i handball, eit lag som i 1980-åra var mellom dei aller beste i Noreg. Spelarar som Britt Johansen, Ingrid Steen, Hanne Hogness, Marte Eliasson, Anne Berg Larssen og Karin Singstad spelte alle ei mengd landskampar for Noreg.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Sverresborg IF» frå Wikipedia på bokmål, den 9. oktober 2017.