Handball under Sommar-OL 2000/Karar

Handball under Sommar-OL 2000 for karar vart avvikla frå 16. til 30. september 2000 i to ulike idrettshallar i Sydney. Tolv land deltok i turneringa: Australia, Cuba, Egypt, Frankrike, Jugoslavia, Russland, Slovenia, Spania, Sverige, Sør-Korea, Tunisia og Tyskland.

Laga var delt inn i to grupper med seks lag i kvar, der alle laga i gruppa spelte kamp mot einannan. Dei fire beste laga frå kvar gruppe avanserte til kvartfinalar. Vinnarane av semifinalane, Russland og Sverige, møttest til finale, medan taparane av semifinalane møttest til kamp om bronseplassen. Spania slo Jugoslavia 26–22 i bronsefinalen.

Finalen

endre

Sverige leia 14–13 ved pause. I den andre omgangen snudde Russland til tomålssiger 28–26.

Aleksandr Tutsjkin vart Russland sin toppskårar med 7 mål. Målvakta Andrej Lavrov, kantspelaren Eduard Koksjarov og rykkromspelaren, playmakeren Dimtrij Filippov utmerkte seg i det russiske mannskapet.

Flest finalemål skåra Sveriges Lubomir Vranjes med 8 fulltreffarar.

Dei norske dommarane, Svein Olav Øie og Bjørn Høgsnes, straffa Russland med 3 tominutts-utvisingar, Sverige med 2.

Kjelder

endre