Handelsflåte

ein flåte av handelsfartøy registrert i eit spesifikt land.
(Omdirigert frå Handelsmarine)

Handelsflåte er samlenemninga for alle handelsskipa som høyrar til i eit land, det vil seie laste- og passasjerskip og -båtar av alle storleikar som vert nytta til transport av varer og personar. Fartøya skal akterut føre landets handelsflagg, som vanlegvis er det sivile flagget til landet.

Markeringa av nasjonaliteten til handelsskipa er ein gamal internasjonal regel. Den svenske briggen «Nordstjernan» med svensk handelsflagg utstyrt med svensk-norsk unionsmerke under innsegling til Marseilles i 1848. Måleri av den franske kunstmålaren Honoré Pellegrin (1793-1869)

Flagget som fartøyet fører, har stats- og folkerettsleg verknad, ettersom det er teiknet på kva land fartøyet høyrer heime i. Kvar einskild stat fastsett dei reglane som skal gjelde for at fartøy skal ha rett til å nytte deira flagg. Men det er eit vilkår etter folkeretten at skipa må ha ei reell tilknyting til det landet som gjev dei løyve til å nytte flagget. For Noreg gjeld det som ein hovudregel ifylgje sjølova frå 24. juni 1994 at eit fartøy har rett til å føre norsk flagg dersom det er eigd av norske borgarar, eller av selskap med særskilt tilknyting til Noreg.

Motsetninga til handelsflåte er fiskarflåte (skip og båtar nytte til fiske og fangst), og krigsflåte, som òg vert kalla marine. Marineskip fører orlogsflagget til landet det høyrer heime i. I Noreg er orlogsflagget det same som statsflagget, splittflagget, flagget som ender i tre spissar.

Kjelder endre