Handjern er samankjeda metallenker som vert brukt til å lenkja hendene til ein person saman.

Handjern

Handjern er mykje brukt av politi, som bruker dei til å pasifisera eller kontrollera arresterte. Dei kan likeeins brukast av andre som har bruk for å pasifisera folk – til dømes fengselsbetjentar, vektarar, ordensvakter, militærpoliti eller flyselskap.[1][2]

Vanlegvis består handjern av to metallenker som har ein låsemekanisme, så dei berre kan strammast, men ikkje vert lausna (utan nøkkel). På den måten kan ein stramma dem like nøyaktig så mykje som det er naudsynt for at ein ikkje kan koma fri, og dei passar på alle storleikar handledd.

For det meste vert handjerna brukt til å lenkja henda saman bak på ryggen, men dei kan òg brukast til å lenkja henda saman framfor, eller lenkje dei fast til noko.

Ein særleg variant er bunteband eller strips, som òg ofte henregnes under nemninga handjern, sjølv om dei teknisk sett ikkje er handjern. Dei har same eigenskapar som metallhandjern – dei kan strammast så mykje som det er naudsynt, men ikkje vert lausna. Dei vert ofte brukt av politiet ved pågripingar av større mengder (til dømes ved demonstrasjonar og uro) og òg av flyseskap. Dei alminneligvis berre brukast éin gong, men har den store fordelen at dei ikkje veg så mykje.

Handjern vert ikkje berre brukt av politiet. Den vert òg brukt av tryllekunstnere som til dømes Harry Houdini. Tryllekunstnerne utfører triks, der dei skal få av seg handjerna, nokon gonger på kort tid, eller bak på ryggen.

Kjelder endre

  1. «Har vektere lov til å bruke håndjern?». www.ung.no. Henta 27. juli 2019. 
  2. «Forskrift om vaktvirksomhet (vaktvirksomhetsforskriften) - Kapittel 7. Bruk av hund m.m. - Lovdata». lovdata.no. Henta 27. juli 2019.