Militærpoliti
Militærpoliti, ofte forkorta til MP, er vanlegvis militære avdelingar som fungerer som politi i ein militær organisasjon. Dei har ansvaret for å oppretthalda lov og orden internt i forsvaret. I slike tilfelle har MP vanlegvis ikkje politimynde i det sivile samfunnet.
Militærpoliti kan også vere ei militær avdeling som har politioppgåver både i det militære og i det sivile samfunnet, så som Gendarmeriet i Frankrike.
Det finst også eksempel på at militærpoliti kan vere ei militær avdeling som har politioppgåver berre i det sivile samfunnet, så som Gendarmeriet i Romania.
Bakgrunnsstoff
endre