Hanna Rydh
Hanna Albertina Rydh (12. februar 1891–29. juni 1964), seinare Rydh-Munck af Rosenschöld, var ein svensk liberal politikar, kvinnesaksforkjempar og arkeolog. Ho var medlem av Sveriges riksdag for Folkpartiet liberalerna frå 1943 til 1944, leiar for Fredrika Bremer-förbundet 1937–1949 og president for International Alliance of Women (IAW) frå 1946 til 1952.[1] Ho markerte seg som ein viktig kvinnesaksforkjempar internasjonalt. Ho og IAW stod i ein liberal internasjonalistisk tradisjon, og vektla arbeid gjennom SN og samarbeid med utviklingsland, særleg i Midtausten. Dette var under den kalde krigen også motivert av eit ønske om å demme opp for kommunismen.[2]
Hanna Rydh | |||
| |||
Fødd | 12. februar 1891 Adolf Fredriks församling, Stockholm | ||
---|---|---|---|
Død | 29. juni 1964 (73 år) | ||
Statsborgar av | Sverige | ||
Yrke | forhistoriker, kvinnesaksforkjemper, arkeolog, politikar | ||
Utdanna ved | Stockholms universitet Uppsala universitet | ||
Far | Johan Albert Rydh | ||
Ektefelle | Bror Schnittger, Mortimer Munck af Rosenschöld | ||
Medlem | Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien | ||
Alle verv |
Rydh var gift med arkeologen Bror Schnittger og etter hans død med Mortimer Munck af Rosenschöld, som var landshovding i Jämtlands län.[3][4][5]
Kjelder
endre- ↑ Elisabeth Arwill-Nordbladh. «Hanna Albertina Rydh». Svenskt kvinnobiografiskt lexikon. Henta 1. desember 2018.
- ↑ Gerdov, Christian (2022). «The ‘World-Embracing’ Hanna Rydh: An International Feminist (c. 1945–1964)». NORA: Nordic Journal of Feminist and Gender Research 30 (1): 7–19. doi:10.1080/08038740.2021.1987981.
- ↑ Rydh, Hanna i Vem är vem?, s. 1116, 1962
- ↑ Tvåkammarriksdagen 1867-1970, Vol 1 (Almqvist & Wiksell International 1988), Vol. 1, s. 166-167
- ↑ «Munck af Rosenschöld, släkt». Svenskt biografiskt lexikon. Henta 1. desember 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Hanna Rydh» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mars 2023.