Hanne Bramness
Hanne Bramness (fødd 3. april 1959 i Oslo)[1][2] er ein norsk lyrikar, gjendiktar og forlagsredaktør.[3]
Hanne Bramness | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. april 1959 (65 år) i Oslo |
Yrke | Lyrikar, gjendiktar, forlagsredaktør |
Periode | 1983- |
Ektefelle | Lars Amund Vaage |
Debut | Korrespondanse |
Ho debuterte med diktsamlinga Korrespondanse på Gyldendal Norsk Forlag i 1983.[2]
Hanne Bramness er gift med forfattaren Lars Amund Vaage og dei bur på Sunde i Sunnhordland.[4] Dei har tidlegare budd i Hølen i Akershus.[5] Ho driv Nordsjøforlaget, eit forlag som gjev ut bøker med omsett poesi frå diktarar frå landa kring Nordsjøen.[3]
Bøker
endre- 1983 – Korrespondanse – Diktsamling
- 1986 – I sin tid – Diktsamling
- 1992 – Nattens kontinent – Diktsamling
- 1996 – Revolusjonselegier – Diktsamling
- 1999 – Kysset – Dikt for ungdom
- 2001 – Trollmåne – Diktsamling
- 2002 – Regnet i Buenos Aires – Diktsamling
- 2003 – Lynettes reise – Barnebok
- 2006 – Salt på øyet – Diktsamling
- 2008 – Det står ulver i din drøm – Dikt i utval
- 2010 – Uten film i kameraet – Diktsamling
- 2012 – Solfinger – Dikt for born
- 2013 – Dikt i utvalg. 1983-2010
Referansar
endre- ↑ ««Hanne Bramness (03.04.1959)»». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum). Henta 18. februar 2016.
- ↑ 2,0 2,1 Øystein Rottem (1998). «Hanne Aga og Hanne Bramness - Kropp og språk». Norges litteraturhistorie : 1980-1998. B. 3 : Vår egen tid 1980-1998. Oslo: Cappelen. s. 562. ISBN 8202164265.
- ↑ 3,0 3,1 Mette Karlsvik (17. juni 2012). ««Wergelands Åre til Hanne Bramness»». Nettstaden til Den norske Forfatterfoening. Henta 24. mars 2013.
- ↑ Aasmund Taarn Sande (14. juli 2011). ««Bramness og Vaage i baroniet»». Kvinnheringen. Henta 24. mars 2013.
- ↑ ««Røsbaks aften - Lars Amund Vaage, Hanne Bramness og Knut Vaage»». Nettstaden til Lillehammer Bryggeri. Henta 24. mars 2013.