Lars Amund Vaage
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Lars Amund Vaage (fødd 13. mai 1952)[1] er ein norsk forfattar frå Sunde i Kvinnherad kommune i Sunnhordland.
Lars Amund Vaage | |
Nasjonalitet | Norsk |
Fødd | 13. mai 1952 (71 år) Sunde i Sunnhordland |
Yrke | Forfattar |
Periode | 1979- |
Ektefelle | Hanne Bramness |
Debut | Øvelse Kald vinter |
Liv og virkeEndra
Lars Amund Vaage er barnebarn av forfattaren Ragnvald Vaage (1889–1963).
Han vaks opp på Sunde i Kvinnherad, og studerte klaver ved Griegakademiet i Bergen. Han debuterte i 1979 med romanen Øvelse Kald vinter og har sidan gitt ut romanar, noveller, diktsamlingar og barnebøker, og eit langt essay om kunsten å fortelje, Sorg og song (2016).
«Den eg skriv dette til kan ikkje lesa.» Det er opningssetninga i Syngja, setninga er òg nøkkelen Vaage treng for å skrive om sine eigne dramatiske erfaringar og laga kunst av dei. I mange år og av mange grunnar trudde han ikkje han ville få det til, men så skjedde det. I det lange essayet Sorg og song gir han innsyn i denne erfaringa og anna innsikt han har fått i å lage forteljingar, som til dømes rolla musikken og rytmen kan spela i prosaen, og korleis fiksjonen gir skrivaren ein fridom og lesaren eit rom på ein måte som vedkjenningslitteratur ikkje gjer.
I den nyaste boka si, novellesamlinga Den vesle pianisten, skriv Vaage om kjærleik, lengt og manglande kjærleik. Borna og dei vaksne som vert skildra her, leitar etter eit eige språk å uttrykke seg på, ord eller musikk: noko som kan knyta dei til andre og gje dei meining. Dei møter store hindringar. Kunsten kan gje håp og innsikt, men det er mange vaktarar ved dørene til kunstverda, musikklærarar ikkje minst. Eit grunnleggjande spørsmål i boka er korleis ein kan finna og leva ut kjærleiken når ein ikkje er oppvaksen med han.
Verk av Vaage er omsette til engelsk, hindi, polsk, russisk, svensk og tysk.
I 2012 vart han tildelt Brageprisen i klassa skjønnlitteratur for romanen Syngja.[2]
Han var festspeldiktar ved Festspillene i Bergen i 2001, og i 2008 ved Dei nynorske festspela.
Han har blitt tildelt mange prisar for bøkene sine. I 1995 fekk han det definitive litterære gjennombrotet med romanen Rubato, som han mottok Kritikerprisen og Nynorsk Litteraturpris for, og som dessuten vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. Han har fått Aschehougprisen, Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfattarskap. I 2002 vart han nominert til Brageprisen for Kunsten å gå. I 2012 mottok han Brageprisen i gruppa skjønnlitteratur for Syngja, ein roman basert på erfaringane med å ha eit barn med alvorleg autisme. Boka blei ein bestseljar, og har sidan fått status som ein klassikar.
UtgjevingarEndra
- Øvelse Kald vinter, 1979, roman
- Fager kveldsol smiler, 1982, roman
- Kyr, 1983, noveller
- Dra meg opp, 1985, roman
- Baronen, 1987, skodespel
- Begynnelsen, 1989, roman
- Guten med den mjuke magen, 1990, barnebok
- Oklahoma, 1992, roman
- Rubato, 1995, roman
- Den framande byen, 1999, roman om Wilhelm Reich
- Guten og den vesle mannen, 2000, barnebok
- Det andre rommet, 2001, dikt
- Kunsten å gå, 2002, roman
- Tangentane, 2005, roman
- Utanfor institusjonen, 2006, dikt
- Skuggen og dronninga, 2010, roman
- Den stumme, 2011, dikt
- Syngja, 2012, roman
- Den raude staden, 2014, dikt
- Sorg og song, 2016, essay
- Den vesle pianisten, 2017, noveller
- Det uferdige huset, 2020, roman
Prisar og utmerkingarEndra
- Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 1990
- Norsk Forfattersentrums pris 1993
- Samlagsprisen 1993
- Aschehougprisen 1995
- Kritikerprisen 1995, for Rubato
- Nynorsk litteraturpris 1995, for Rubato
- Nominert til Nordisk Råds litteraturpris 1996 for Rubato
- Doblougprisen 1997
- Oktober-prisen 1999
- Gyldendalprisen 2002
- P2-lytternes romanpris 2002, for Kunsten å gå
- Melsom-prisen 2011 for Skuggen og dronninga
- Brageprisen 2012 for Syngja[2]
- Nynorsk litteraturpris 2012 for Syngja[3]
OmsetjingarEndra
- Art Spiegelman, Maus: historia til ein overlevande (1993)
- Lorine Niedecker: Nord sentralt, dikt (2003)
- Joy Harjo, Å koma tilbake frå fienden, dikt i utval (2006)
- Tennessee Williams, Katt på heitt blekktak, skodespel (2007)
- Bob Arnold, Sanndrøymd, dikt for unge (2009)
- Frances Horovitz, Dikt i samling (2017)
LitteraturEndra
- Bramness, H og J. Holljen Thon (red.). 2012. Vaage. Ti lesninger i Lars Amund Vaages forfatterskap. Oslo: Oktober.
- Ekern, Birgit. 2000. Romanen som taus musikk: en undersøkelse av musikalske formelementer i romaner av Vesaas, Tunström, Fosse og Vaage. Masteroppgåve ved Universitetet i Bergen.
- Kvamme, Sondre Johan Chesney. 2018. Lars Amund Vaage sin sorgsong lesen med Lacan. Ei psykoanalytisk lesing av Den framande byen (1999), Syngja (2012), og Sorg og song (2016).[daud lenkje] Masteroppgåve ved Universitetet i Bergen.
- Skei, Hans. H. 1997. «Når sorga og songen er eitt og det same. Tidbundne reaksjonar på tre romanar av Lars Amund Vaage». I Hugbod. Heidersskrift til Leif Mæhle på 70-årsdagen, redigert av Vigdis Ystad og Liv Bliksrud, 265–274. Oslo: Samlaget.
KjelderEndra
ReferansarEndra
- ↑ ««Lars Amund Vaage (13.05.1952)»». forfatterkatalogen.no. Henta 14. februar 2013.
- ↑ 2,0 2,1 Tone Staude (28. november 2012). ««Årets vinnere av Brageprisen»». nrk.no. Henta 28. november 2012.
- ↑ Svein Olav B. Langåker (19. april 2013). ««Heidrar Lars Amund Vaage»». Framtida. Henta 19. april 2013.
BakgrunnsstoffEndra
- «Lars Amund Vaage» av Odd W. Surén på Allkunne
- Digitaliserte bøker av Vaage og om Vaage hos Nasjonalbiblioteket.
- Lars Amund Vaage i NRK Forfatter
- Lars Amund Vaage på den gamle forfattarsida til Dagbladet
- Lars Amund Vaage hos Oktober Forlag
- Vaages utanlandsagent
- Vaage på engelsk: Shearsman, Longhousepoetry
- Vaage på svensk
- Diktafon: Lars Amund Vaage. Den stumme Arkivert 2020-02-27 ved Wayback Machine. NRK-program frå 2011
- «Poesi som minnearbeid» av Marit Grøtta (2014) Bokmelding av Den raude staden
- Min favorittmusikk med Leif Ove Andsnes NRK-program frå 2016, Andsnes snakkar med Vaage om musikk og litteratur