Hanne Henriette Bryn
Hanne Henriette Bryn (17. mars 1880–5. september 1963) var ein norsk barnebokforfattar og lærar.[1] Ho kalla seg òg Henriette Bryn.
Hanne Henriette Bryn | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. mars 1880 Stavanger kommune |
Død |
5. september 1963 (83 år) |
Yrke | skribent, lærar |
Born | Aage Bryn |
Familie
endreHanne Henriette Bryn var dotter av overlærar Boye Jacobsen og Sigrid Helgesen.[2] Ho vart gift med seinare major Alf Bryn (1869–1946) i 1903.[3] Dei var foreldre til diplomat og ambassadør Aage Bryn (1905-1950).
Liv og virke
endreFør ho vart gift arbeidde Hanne Henriette Bryn som lærar. Forfattarskapen hennar strekte seg over eit knapt tiår, då ho gav ut bøker nærast årleg. Debuten hennar var Vesle Gunvor og Per, som kom ut på Aschehoug forlag i 1923.
Ho var i fleire tiår politisk aktiv i Det frisinnede folkeparti.[4] I 1914 vart ho vald til kyrkjeverje for Holmenkollen kapell av Vestre Aker kommune.[5]
Ho heldt òg Husmortime i radiosendingar med ulike kåseri retta mot husmødrer.[6]
Bibliografi
endre- 1923: Lille Gunvor og Per, Aschehoug
- 1924: Hjemmefra, Aschehoug
- 1925: Wencke, Aschehoug
- 1926: På egen hånd, Aschehoug
- 1927: Hva en gutt kan opleve, Aschehoug
- 1928: Klubben, Aschehoug
- 1930: Blandt søsken, Some & Co.s Forlag
- 1931: Vi starter – tre gutters oplevelser en sommer, Some & Co.s Forlag
Kjelder
endre- ↑ «Norske forfattere 1881-1920 : personregister», www.nb.no, henta 12. november 2021
- ↑ "Norway Baptisms, 1634-1927," database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWNZ-FMK : 10 February 2018), Hanne Henriette Jacobsen, 17 Mar 1880; citing ; FHL microfilm 1,282,676.
- ↑ «Akers-Posten, lørdag 20. september 1913», www.nb.no, henta 12. november 2021
- ↑ «Vi vil ha arbeidsfred! : hvad Det frisinnede folkeparti er, og hvad det vil», www.nb.no, henta 12. november 2021
- ↑ «Akers-Posten, lørdag 11. juli 1914», www.nb.no, henta 12. november 2021
- ↑ «Grimstad Adressetidende, lørdag 16. november 1935», www.nb.no, henta 12. november 2021
- Denne artikkelen bygger på «Hanne Henriette Bryn» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Minneside basert på bilete og gravminnedata for Hanne Henriette Bryn, (17. mars 1880 - 05. september 1963), Slekt og Data Gravminnebasen
- Norsk kvinnelitteraturhistorie. Pax. 1990. s. 252. ISBN 8253014988.
- Dette skrev kvinner. Skolen. 1984. s. 41. ISBN 8257900109.