H. Aschehoug & co (W. Nygaard) AS er eit norsk forlagshus som vart stifta i 1872 av Hieronymus Aschehoug og Halvard Aschehoug som sortimentsbokhandel. Bokhandelen låg dei fyrste åra i Øvre Slottsgate 23 på Egertorvet i Kristiania (Oslo).

Aschehoug


Selskapsformaksjeselskap Sjå dette på Wikidata
Org.nr.910 292 005
Skipa1872
DotterselskapUniversitetsforlaget, Forlaget Oktober Sjå dette på Wikidata
Bransjeforlag, detaljhandel
HovudkontorOslo Sjå dette på Wikidata
StyreleiarIdar Kreutzer
Adm. direktørMads Nygaard
Nettstadhttps://aschehoug.no

Dei fyrste forlagsartiklane deira kom ut i 1873, mellom andre Kart over Kristiania av Johannes Solem, Om vore Husdyrs almindeligste Sygdomme av O. Thesen og «Henrik Ibsens Kejser og Galilæer». En kritisk Studie av G. (pseudonym for Arne Garborg). I 1881 flytta firmaet til Karl Johans gate 43. I 1887 byrja William Nygaard i firmaet, han vart etter kvart ansvarleg for forlagsverksemda og i 1900 vart han eineeigar av forlagsavdelinga. I 1910 kjøpte forlaget Sehesteds gate 1, 3 og 5 og året etter vert forlagsverksemda flytta dit, og der held forlaget framleis hus (i 2005).

Forlagsleiarar Endra

Oppkjøpte forlag og andre eigarinteresser Endra

H. Aschehoug & co (W.Nygaard) er i dag eit av dei største forlaga i Noreg, i 2003 omsette konsernet for 1224 millionar kroner.

Litteratur Endra

  • H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard): Aschehoug 1872-1997., Oslo 1997. H. Aschehoug & Co. : 125 år : 1872-1997 : jubileum.
  • Tveterås, Harald L.: Et norsk kulturforlag gjennom hundre år : Aschehoug 1872-1972, Oslo 1972. ISBN 82-03-05039-5

Bakgrunnsstoff Endra