Opna hovudmenyen


Vestre Aker i Oslo er dels ein kyrkjeleg, dels ein geografisk og dels ein forvaltningsadministrativ nemning, med opphav i det historiske kyrkjelege soknet Vestre Aker som vart etablert i 1861. Vestre Aker har historisk vore eit sokn innan Den norske kyrkja, ei nemning på den vestre delen av dåverande Aker kommune og ein eigen sognekommune innanfor Aker kommune. I dag er Vestre Aker namnet på ein av Oslos bydelar, Bydel Vestre Aker. Vestre Aker bestod opphavleg av størstedelen av det moderne Oslo vest, men dei nøyaktige grensene på dei kyrkjelege og forvaltningsmessige einingane med namnet har variert betydeleg.

HistorieEndra

 
Borgen Gård, malt av Marie Tannæs i 1895

Soknet Vestre Aker vart etablert i 1861 ved at det tidlegare soknet Aker vart delt i Østre Aker og Vestre Aker. Vestre Aker, som lå i Aker kommune, grensa på dette tidspunktet i sør til Nesodden (havgrense) og det som den gongen var Oslo. I sør og aust til Østre Aker, i aust til Nittedal og Hakadal i Nittedal, i nord til Lunner og i vest til Norderhov i Ringerike og Haslum i Bærum.

Sagene og Uranienborg vart skild ut som eigne sokn i 1880, Ullern i 1906 og Ris og [[Grefsen] i 1937. Andre sokn som har vorte skilt ut frå Vestre Aker er Bakkehaugen, Majorstua, Maridalen, Nordberg, Røa, Skøyen, Sørkedalen og Voksen.

Vestre Aker var òg eit geografisk omgrep utanfor den reint kyrkjelege sfære, noko som må forståast på bakgrunn av at kyrkjelege inndelingar historisk òg hadde ein geografisk og forvaltningsmessig administrativ karakter. Opphavleg kalla Vestre Aker i geografisk samanheng er den vestre delen av Aker kommune. I 1906 vart Vestre Aker etablert som ein eigen sognekommune, dvs. ein underkommunal eining basert på grensene til kyrkjesoknet, innanfor Aker kommune.[1]

I 1948 vart Aker kommune og dermed òg Vestre Aker sognekommune innlemma i Oslo. Ved innlemmelsen i Oslo bestod Vestre Aker sognekommune av 201 km² eller nesten halvdelen av Aker-arealet til kommunen, herunder størstedelen av Nordmarka. I dag heiter ein av Oslos bydelar Bydel Vestre Aker, men denne er langt mindre enn det historiske Vestre Aker med eit areal på 16,6 km².

Kyrkjesoknet Vestre Aker opphøyrde i 2015 då det vart ein del av den sammenslåtte Bakkehaugen, Majorstua og Vestre Aker menighet.[2] Vestre Aker kyrkje på Ullevål og Ris kyrkje er kyrker i soknet.

I folketeljingar og andre offentlege dokument frå før 1948 er ofte Vestre Aker oppgjeve som fødestad.

Den andre soknepresten i Vestre Aker var Jørgen Moe, kjend som samlar av folkeeventyr.

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. «Vestre Aker – sognekommune». Store Norske Leksikon. 
  2. Om oss