Hanne Lyngstad (fødd 5. desember 1975) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Elverum som vart noregsmeister på mellomdistansar og i hinderløping fem gongar i tida 1998-2005.

Hanne Lyngstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. desember 1975 (48 år)
Idrett friidrett

Aktiv endre

Lyngstad vart norsk meister på 800 m i 1998 og på 1500 m i 2003. Perioden 1995-2010 sanka ho fem NM-medaljar (1-2-2) på 800 m og like mange (1-3-1) på 1500 meter. Åra 2003-05 vann ho NM-gull på 3 000 meter hinder med stor margin. Under NM i friidrett 2003 i Fredrikstad sette ho norsk rekord i 3 000 m hinder med tida 9.54,9. 4. juli 2004 i Herakleion forbetra ho landsrekorden til 9.53,1, ein rekord Susanne Wigene sletta allereie i september same året. Lyngstad sine livsbeste på mellomdistansane er 2.06,39 på 800 m og 4.15,0 på 1500 m, begge oppnådd i juli 1998.

Lyngstad var medlem av FIK Orion til 2000, sidan representerte ho osloklubben IK Tjalve. Særleg som medlem av Tjalve var ho med om å vinne ei rekke NM-medaljar i stafettløp. Ho sikra seg også nokre medaljar i terrengløp.

Kjelder endre