Hannibal Sehested
Hannibal Sehested (1609–23. september 1666) i Paris) var statthaldar i Noreg og rigsskatmester i Danmark (tilsvarande finansminister).
Hannibal Sehested | |
Hannibal Sehested
Frå J P Trap : Berømte danske mænd og kvinder. | |
Fødd | 1609 Arensborg på Øsel |
---|---|
Død | 23. september 1666 Paris |
Nasjonalitet | dansk |
Verv | Statthaldar i Noreg |
- periode | 1642-1651 |
- føregangar | Christoffer Urne |
- etterfylgjar | Gregers Krabbe |
Ektefelle | Christiane Sehested |
Sehested gifta seg med dottera til kong Kristian IV av Danmark-Noreg og Kirsten Munk, Christiane, den 6. november 1642. Allereie i 1636 vart han forlova med den då ti år gamle kongsdottera. Han gifta seg med henne kort tid etter utnemninga si til statthaldar i Noreg i 1642.
Sehested var ein gåverik «renessanseperson», dristig og maktlysten som politikar. Samstundes syrgde han for å skaffa seg pengar og status. Han fekk mest innverknad i Noreg. I fredstid gjorde han stort organisatorisk arbeid for å fremja næringslivet og forbetra styringsverket. Mellom anna er Sehested rekna som grunnleggjar av eit norsk postvesen. Den 16. januar 1647 oppretta han faste postruter sør i Noreg.
Han prøvde å skaffa Noreg og dermed seg sjølv mest mogleg fridom i høve til Danmark. Svigerfar hans, kongen, gjekk med på mykje av dette. Sehested fekk motstand frå svogeren Corfitz Ulfeldt og det danske Riksrådet.
KjelderEndra
- Dansk Biografisk Haandleksikon
- «Hannibal Sehested» på Dansk Wikipedia