Statthaldarar i Noreg

(Omdirigert frå Statthaldar i Noreg)

Statthaldarembetet i Noreg vart skipa i 1572 og vara fram til 1739 med avbrot for åra 1583-88. Embetet blei oppretta att i 1750 og lagd ned i 1771.[1] Embetet blei oppretta att under Napoleonskrigane.

Hannibal Sehested var gift med ei dotter av Kristian IV og var statthaldar i Noreg 1642–1651. Måleri av Karel van Mander.
Tilhøyrer portrettsamlinga på Frederiksborg slott.
Ulrik Fredrik Gyldenløve var son av kong Fredrik III av Danmark-Noreg og statthaldar i Noreg frå 1664 til 1699. Måleri av Wolfgang Heimbach.

Statthaldar (frå nedertysk Statthalter, 'stadfortredar') er ei nemning på ein person som styrer eit større område på vegner av andre.

Statthaldaren var normalt òg lensherre over Akershus og han var etter tradisjonell meining òg den høgaste myndigheita i Noreg. Men om ein samanliknar med andre lensherrar og - etter 1660 - amtmenn synest han å ha vore den fyrste blant likemenn meir enn ein overordna. Påverknaden statthaldarembetet hadde varierte med innehavarane.[2][1] Det er fleire opphald i kontinuiteten. Det kan delvist forklarast med at oppgåvene i embetet var færre i dei fyrste åra og at det difor var mindre behov for ein kontinuerleg «jourhavande». Kongen kunne og vente med å nemne ut eller leggja ned embetet om han meinte det tente han betre ikkje å ha ein sjølvstendig, pro-norsk aktør i Noreg.

Statthaldarar 1572–1814

endre

Perioden omfattar tida under den dansk-norske unionen. Embetet som statthaldar var med enkelte avbrot besatt til 1771.

Statthaldarar 1814–1856

endre

Statthaldar, Statholder eller Vice-Konge var under første del av Unionen mellom Noreg og Sverige (18141905) namnet på stillinga som leiar for den norske regjeringa og øverstkommanderande for det norske forsvaret når monarken sjølv ikkje inntok denne posisjonen. Embetet blei skipa da den reviderte norske grunnlova av 4. november 1814 trådde i kraft. Paragraf 12, 13 og 15 bestemte at ein statthaldar kunne bli peika ut.[3] Statthaldaren skulle bu i Christiania og leie den norske regjeringa når kongen var i Stockholm. I korte periodar fungerte kronprinsane som visekongar.

Lista er frå artikkelen Stattholdere og visestattholdere i Norge 1572–1873 av Tor Ragnar Weidling i Store norske leksikon.[4]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Statholderembetet 1572-1771 frå Arkivverket/arkivert utgåve
  2. To setningar er sitat frå Arkivverket.
  3. «§ 13. Under Kongens Fraværelse overdrager han Rigets indvortes Bestyrelse, i de Tilfælde Han selv foreskriver, til Vice-Kongen eller Statholderen, tilligemed i det mindste fem af Statsraadets Medlemmer.» Grunnloven av 4. november 1814.
  4. Tor Ragnar Weidling. «Stattholdere og visestattholdere i Norge 1572–1873». Store norske leksikon. Henta 21. mars 2016.