Hans-Jakob Mathisen
Hans-Jakob Mathisen (fødd 17. februar 1937) er ein norsk tidlegare fotballspelar som vart hovudseriemeister med Fredrikstad Fotballklubb i 1960 og 1961 og noregsmeister 1961 og 1966. Forsvarspelaren spelte 5 landskampar for Noreg i åra 1959–1961.
Hans-Jakob Mathisen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. februar 1937 (87 år) Fredrikstad |
Idrett | fotball |
Karriere
endreMathisen, med kallenamnet «Jappen», deltok i Hovudseriefinalen 1956 som innbytar, ein kamp som enda med FFK-tap mot Larvik Turn. Sidan var han med å vinne hovudseriefinalane både i 1960 og 1961. Hausten 1961 vart han norsk meister då Fredrikstad vann cupfinalen mot Haugar med 7–0, derimot måtte han og FFK tole tap mot Skeid i NM-finalen 1963. Tre år seinare revansjerte FFK og Mathisen seg mot nettopp Lyn i cupfinalen 1966 og han vann sin fjerde pokal etter sigerssifra 3–2.
Mathisen spelte fem kampar på landslaget, ein i 1959, to i 1960 og like mange i 1961. Alle fem landskampane enda med norsk tap.
Bakgrunnsstoff
endre- Hans-Jakob Mathisen i eu-football
- Hans-Jakob Mathisen i fotball.no