Hans Andreas Tanberg Gløersen
Hans Andreas Tanberg Glørsen (16. februar 1836–1. september 1904) var ein norsk forstmann. Sidan han i 1871 lanserte tanken om Bergensbanen, har han fått heiderstittelen «Bergensbanens far».
Hans Andreas Tanberg Gløersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. februar 1836 |
Død |
1. september 1904 (68 år) |
Yrke | redaktør |
Hans Andreas Tanberg Glørsen vart fødd i Nord-Aurdal som son av lækjaren Jørgen Gustav Gløersen og Gunda Sophie Cathrine Tanberg (1811–99). Han vart gift 1868 med Rachel Marie Carlsen. Gløersen tok examen artium 1853 og juridisk embetseksamen 1858. Etter studium ved forstakademiet i Giessen i Tyskland med eksamen 1860, vart han tilsett som forstassistent i Lesja. I 1866 vart han tilsett som forstmeister i Vestlandske forstdistrikt, ei stilling han hadde til han gjekk av 1895. Her vart han den første til å drive skogplanting i stort omfang i Noreg. 1885 starta han Landbrugstidende for Vestlandet, og var redaktør i bladet til det gjekk inn 1891.
Då han i ein artikkel i Bergensposten la fram tanken om å byggje Bergensbanen, peikte han òg på kva for trasé banen burde følgje, eit framlegg som låg svært nær traséen som til slutt vart valt. Sidan tok han til ords for bygging av Jærbanen. I 1885 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
H.A. Tanberg Glørsen døydde i Kristiania.