Lesja er ei bygd og administrasjonssenteret i Lesja kommune i Innlandet.[1] Tettstaden har 230 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Lesja
stad
Lesja stasjon på Lesja
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Lesja
Areal 0,41 km²
Folketal 230  (2024)
Folketettleik 561 / km²
Kart
Lesja
62°07′06″N 8°51′51″E / 62.118375°N 8.864242°E / 62.118375; 8.864242
Wikimedia Commons: Lesja (village)

På Lesja finst Lesja skule – ein barne- og ungdomsskule – samfunnshus, idrettshall, folkebibliotek, kommunehuset, helsehus, daglegvarehandel, byggevare- og landbrukshandel, kafé og frisør.

Europaveg 136 passerer gjennom tettstaden på veg frå Dombås i aust til Ålesund i vest. Mot sør går fylkesveg 2660, Vestsidevegen, forbi Lesja bygdemuseum og Lesja kyrkje på veg til busetnaden på sørsida av dalen. Slådalsvegen tek av frå denne og fører på sumarstid over fjellet til Vågåmo. Raumabana passerer også gjennom Lesja og stoppar på signal på Lesja stasjon.

Kjelder

endre
  1. Svendsen, Trond Olav. «Lesja». Store norske leksikon. Henta 4. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Lesja