Hans Berg
Hans Berg (25. februar 1902–15. august 1980) var ein norsk fiskar, gardbrukar og politikar frå Bodin i Nordland. Han representerte Kristelig Folkeparti og Nordland fylke på Stortinget i tida 1954-69.
Hans Berg | |||
| |||
Fødd | 25. februar 1902 Bodin kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 15. august 1980 (78 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Berg var fiskar frå 1917 til 1951, bortsett frå åra 1920-22, då han gjekk Nordland landbruksskule, og året 1922-23, då han var dreng på prestegarden i Hamarøy. Frå 1927 dreiv han også garden Rønvik i dåverande Bodin herad. Han var klokkar i Bodin kyrkje frå 1947 til 1965.
Berg var medlem i Bodin heradsstyre frå 1936, til det vart avvikla av okkupasjonsmakta i 1941. Frå 1945 til 1967 var han på ny med i heradsstyret i Bodin, både som ordinær medlem, formannskapsmedlem og perioden 1952-55 som ordførar.
Hausten 1953 vart Berg vald til stortingsrepresentant frå Nordland. Med attval i 1957, 1961 og 1965 representerte han Kristeleg Folkeparti på Tinget i seksten år. Dei tolv fyrste åra var han medlem i Kommunalkomiteen, dei fire siste i Samferdslekomiteen. I tida 1963-69 var han elles landsstyremedlem i Kristeleg Folkeparti, og åra 1965-74 medlem av hovudstyret i Det norske lutherske indremisjonsselskap.